Herleg dag på Lapsetorvet (ftw). Skal ikkje klage på engasjementet hos samtlege involverte kakebakarar, vi kasta oss inn med brask og bram så det song etter i dei papirtynne veggane. Mjølet flaug rundt som eit kraftig vinteruver (med låge temperaturar, vind og snøfall) og deiga vart kasta som granatar, nett som i skyttargravskrigen. Spesielt Ragnhild og Anette hadde det særs gøy med å kaste deig rundt om på kjøkkenet når bebuarane på Lapsetorvet hadde tankane (eller heile sin fysiske eksistens) ein annan plass.
Gjenteks gjerne ei gong før jul, og då skal det fyllast i krukker og andre gjenstandar skapt for å bære og oppbevare bakevarar.
Lat oss alle håpe (og be for dei som føler at det er nødvendig, eller kanskje berre føler eit indre trong for det) at anticock (?), Michael Jackson, tommelfingeren og Siv Jensen ikkje går opp i røyk, eller som ein kan sei på bakarspråket – at dei ikkje smuldrar opp.
onsdag 10. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar