torsdag 18. desember 2008

Ting eg tenker varmt om

Regndråpar på roser og vêrhår på kattar
Skinnande kjelar og varme ull vantar
Pakkar i brunt papir snurra med tau
Det her er nokon av mine favoritt ting

Nei, det er det faktisk ikkje. Eg tykjar verken om skinnande kjelar eller vêrhår på kattar. Skinnande kjelar er rett og slett for blanke, mens vêrhår på kattar stikker. Eg har verken eit positivt forhold eller eit negativt forhold til regndråpar på roser, eller når eg tenkjer meg om så er det kanskjer meir negativt fordi dei plastikkrosene med lim ”dråpar” har øydelagt mitt bilde av roser med regndråpar.

Det skal dog innrømmes at pakkar i brunt papir snurra med tau har sin sjarm. Skulle gjerne hatt fleire av dei i posten, sjølv om det kanskje irriterar postvesenet. Varme ull vantar kan eg med heile mitt hjarte, og det kommer dypt frå hjarterota, sei er ein av mine favoritt ting. Det er heilt fantastisk å ha når ein står ute i timevis.

Min song ville heller gått litt sånn som det her:

Føle varme frå peisen og regn mot vindauget
Forstå pensum og få tilfredsstilt min nysgjerrighet
Få ein fem-stjernas song på Guitar Hero
Sjå at klesskapet mitt er ryddig og smaken av Oreo
Høyre Sigrid Bonde Tusvik, for det får meg til å le
Når eg blir møtt av eit vennelig blikk og at folk lar meg vere pratete
Sjå at Noreg gjer det bra på enten ski eller handball
(fotball har eg gitt opp for lenge sidan)
Ligge i senga å høre på uvêre, og kunne skrelle ein mandarin ut av sitt skall
Når min folkelege humor treffer folk der den skal
Spise sjokoladebollar eller svensk frukt karamell
Sjå Dot på tv og følelsen du har når du likar ein person er meir enn ein ven
Når Rooney bankar ballen i mål og når eg kan spise smash rett frå posen

Det her er nokon av mine favoritt ting
Dei gjer meg glad, smilande, begeistra, fornøgd og lystig
Samt frydefull, lykkeleg, henrykt, i godt humør
oppstemt, positiv, sjeleglad og munter

Ingen kommentarer: